Miami Vice Machine

Om ikkje energien frå trubaduren Stian Thorvaldsen kunne være nok, går altså Miami Vice Machine på scena i ungdomshuset laurdagskvelden. Bandet som tel heile 6 medlemmer tar oss med attende til 80-talet på ein forrykande måte! Dette blir garantert eit storslått høgdepunkt med låtar me alle har høyrd, nynna eller spelt luftgitar til sjølv.

Artistane i Miami Vice Machine kjem frå Bergen, og har nok fått mange i god stemning tidlegare, då dei har spela på mellom anna Ricks i Bergen ved mange anledningar. Dei har også underholdt på ei rekkje festivalar og arrangement fleire stadar i Noreg. No skal dei altså krone Vinterfest på Hatlestrand som tidenes coverband!

Og ja, dei entrar scena i sine særeigne kostymer i lys rosa og pastell, berre slik dette bandet kan kle seg.