Blog

  • Fredagsbillettane forsvinn raskt

    Fredagsbillettane forsvinn raskt

    Finn Tokvam opnar Vinterfest med sitt kritikarroste show «Velkomen». Det har blitt godt mottatt, og billettane forsvinn no raskt!

    Terningkast 6 i Bergens Tidende

    Finn er kanskje best kjent for mange gjennom radioprogrammet P.I.L.S på NRK P1, men har samstundes ei imponerande breidde av ulike engasjement som mellom anna journalist, musikar, humorist, programleiar og forfattar.

    I tillegg til ei rekkje ekstra framsyningar i Bergen tek han no showet sitt med ut av bygryta, og då sjølvsagt til Hatlestrand 🤩

  • Vinterfest blir arrangert for fyrste gong

    Vinterfest blir arrangert for fyrste gong

    Tidlegare i vinter samla ei gruppe menneske seg. Alle med sterke band og kjensler for bygda og lokalsamfunnet. Alle med eit sterkt engasjement om å lage kulturopplevingar, som om det var i byn. Bygdafest vart skipa, og er no ein kulturinstitusjon på bygda.

    Det er ei stor gleda å presentere vårt fyrste arrangement, som også vil bli ei årleg hending på seinvinteren, nemleg Vinterfest. Vinterfest skal være ein festival som vert arrangert innandørs. Årets Vinterfest vil føregå i Ungdomshuset Samhald, men målsettinga i åra som kjem er Strand-Ulv hallen, som gjer meir boltreplass for artistar og publikum.

    Årets “Vinterfest” går av stabelen fredag 28.februar og laurdag 1.mars 2025. På relativt kort tid har denne festivalen gått frå prat over ein kopp kaffe, til fartsfylte framføringar på scena i ungdomshuet på Hatlestrand. Me er difor enormt stolte av å kunne presentere fylgjande artistar denne helga:

    Fredag 28.februar

    Finn Tokvam opnar festivalen med sitt kritikarroste show “Velkomen”. Finn er kanskje best kjent for mange gjennom radioprogrammet P.I.L.S på NRK P1, men har samstundes ei imponerande breidde av ulike engasjement som mellom anna journalist, musikar, humorist, programleiar og forfattar.

    Finn Tokvam er blitt kalla inkarnasjonen av Vestlandet. Han kjem altså til Hatlestrand denne kvelden, med terningkast 6 i BT for si framsyning på scena i Bergen.

    Den varme og folkekjære artisten stiller med nye og gamle historiar som han presenterer på sitt heilt særeigne vis.

    Laurdag 1. mars

    Laurdag blir den ultimate opplevinga av 80- og 90-talet frå scena, då trubadur Stian Thorvaldsen varmar opp kvelden. Stian Throvaldsen har sunget meir eller mindre heile livet. Som 19 åring plukkahan opp gitaren og har aldri lagt den frå seg. Han har ved sida av trubadurkarrieren, bandet Stian og onkel Åge, som blant annahar spelt på fleire festivaler i Norge og afterski i Østerrike.

    Trubadur Stian Thorvaldsen.

    Stian er ein kjent og kjær figur i trubadurmiljøet i Bergen. Du har garantert sett Stian spela i Bergen, og han garanterer god stemning for publikum.

    Miami Vice Machine på Vinterfest 2025.

    Om ikkje energien frå trubaduren kunne være nok, går altså Miami Vice Machine på scena i ungdomshuset denne kvelden. Bandet som tel heile 6 medlemmer tar oss med attende til 80-talet på ein forrykande måte! Dette blir garantert eit storslått høgdepunkt med låtar me alle har høyrd, nynna eller spelt luftgitar til sjølv.

    Artistane i Miami Vice Machine kjem frå Bergen, og har nok fått mange i god stemning tidlegare, då dei har spela på mellom anna Ricks i Bergen ved mange anledningar. Dei har også underholdt på ei rekkje festivalar og arrangement fleire stadar i Noreg. No skal dei altså krone Vinterfest på Hatlestrand som tidenes coverband! Og ja, dei entrar scena i sine særeigne joggedressar i lys rosa og pastell, berre slik dette bandet kan kle seg.

    Dørene opnar kl 19:00 begge dagar. Fredag slutt ca 22:00. Laurdag slutt ca 01:00.